ØYGARDSVEIEN BORETTLSAG – 50-ÅRSFEST
19.oktober 2019 på Kronen Gård
Kjære alle saman!
Eg er altså styreledar, men eg er og bebuar, som de. I talen eg no skal halde har eg på meg begge hattane. For talen min skal handle om godt bumiljø.
Kva er eit godt bumiljø? No skal vi prøve å knekke koden for eit godt bumiljø, og den kan vi seie har fire bokstavar: FTTF – koden for eit godt bumiljø i burettslag:
FORUTSIGBART:
- Likar å vite kva som skal skje framover
- Ikkje få ubehagelege overraskelsar (berre kjekke)
- Vite kva ein skal betale lenge framover
- Langsiktige planar på større vedlikehald og utgifter
TRYGT
- At ein kjenner seg trygg i heimen. Får sove godt om natta. At ein kan slappe heilt av heime.
- At ein kjenner seg trygg på naboane
- At naboane bryr seg om kvarandre på ein god måte
- At vi kan få vere i fred i vår eiga leilighet
- At huset ikkje «dett ned». At det ikkje byrjar å brenne. At ikkje nokon bryt seg inn og stel eller er fårlege
- At alle som ferdast i våre hus vil oss alle vel
TRIVELEG
- At det er pent, ryddig, oversiktleg, lyst, reint og velstelt – ja, rett og slett innbydande både ute og inne, både privat og i alle fellesromma
- At naboane er kjekke
- At stemninga mellom naboane alltid er positiv og hyggeleg
- At det skjer «kjekke» ting her vi bur, noko kjekt vi kan glede oss til, sjå fram til
- At gode naboar kan hjelpe kvarandre litt – at ein tenkjer at det er kvar sin gong ein kan trenge litt hjelp
- At alle tenkjer at ein sjøl er viktig for eit godt fellesskap
- At vi kan vere så stolte av burettslaget vårt at vi skryt uhemma av det til andre!
- Så triveleg at folk blir misunnelege og får lyst å bu akkurat her!
- Så triveleg at prisen på leilighetene går opp fordi mange vil kjøpe akkurat her hos oss
FRAMOVER
- At burettslaget «heng med i tida» – og løysingar som vert valt vert gjort med tanke på langt fram i tid
- At bygningane alltid ser moderne og innbydande ut
- At husa vert oppgraderte slik at dei:
- er varme og lune og sparar straum
- veggar, dører, tak og vindu ikkje råtnar
- rør ikkje lek eller går tett
- at stygt og utslitt blir skifta ut med nytt og fint
- at dårleg lys blir skifta ut med godt og fint lys
- at vi har det oversiktleg og ryddig i kjellarane i staden for rotete og stygt
- at fellesareala ikkje ser gamle og stygge ut, men ser velstelte og innbydande ut
- at småting ikkje får utvikle seg til slumpreg og forfall
- At uteområdet også «heng med i tida»:
- At plenane og trea er fine og velstelte
- At beda er fine, velstelte og blir fornya v/behov
- At tuna og området rundt inngangsparti, ved garasjane og kjellarinngangane ser reine, fine og velstelte ut
- At området bak blokkene er stelt og fint å sjå på
- At leikeplassen og uteområdet er fritt for søppel
- At vi kan forandre på deler av uteområdet dersom vi finn ut at det må til for det skal bli endå finare og trivelegare, t.d. lage parsellhage på deler av plenen – eller forandre litt på tunet?
- At miljøet vårt elles også «heng med i tida»:
- At det vi «alltid» har gjort ikkje nødvendigvis betyr at det må vere akkurat sånn også i framtida
- At nye søppelhandteringsrutinar må til i takt med samfunnsutviklinga
- At vi må utvikle nye måtar å vere saman på som dekkar behovet folk i burettslaget har i dag
Dette er koden for godt bumiljø – oppsummert sagt:
Der det er trygt og triveleg har folk lyst å bu – og det som er velstelt og innbydande tek folk lettare vare på.
Men:
KORLEIS få dette til? Vi har vel ikkje knekt koden skikkeleg før vi veit korleis vi får det til?
Eg kjem frå dei «djupe skogane i Nordfjord», der fjella er så høge og bratte – og fjordane og dalane så trange at ein må ligge på ryggen for å sjå sola. Eg vaks opp der det var 1 km til nærmaste leikeselskap, og over ei mil til butikken. Ei bygd der folk stort sett ikkje flytta inn bortsett frå når dei gifta seg inn i bygda, og folk aldri flytta ut av etter at dei blei vaksne. Vi som vaks opp der måtte finne på alt sjøl. Og vi deltok i arbeidet på garden frå vi var små. Vi lærte at alle bidrag var viktige, både små og store. Og alle folk var viktige. Heile bygda med 500 innbyggarar er fremdeles avhengig av at alle som klarar bidrar når noko skal skje, om ikkje anna enn å bake ei kake – eller møte opp når arrangementet er for å kjøpe kaker og drikke kaffi. Alle tykkjer at det er kjekt at det skjer litt i bygda. OG alle er stolte av bygda, av alt som skjer, av alt ein har fått til i bygda, og det gode omdømmet bygda har i resten av landet. Dette er nemleg muleg fordi folk kjenner på eit sterkt
Fellesskap. Alle høyrer til. Alle er viktige. Folk kjenner kvarandre – og hjelper kvarandre. Trygt. Godt. Kanskje ikkje alltid like lystbetont. Men forutsigbart. Og alle veit at ein sjølv er ein del av eit stort maskineri. Og ting går framover – ting skjer. Fellesskapet. Gevinsten er at ein aldri kjenner seg heilt åleine. Når sorg rammar, så er fellesskapet der og støttar. Trøystar. Berre ved å vere. Møte støttande ansikt. Dette er bygda med 500 innbyggarar der ca 350 i dag jobbar på båtbyggeriet. I dag flyttar folk til og med til bygda. Båtbyggeriet vinn mange nyvinningsprisar og er kjent både i inn- og utland. Det er dei som har bygd eit elektrisk sightseeingfartøy som ser ut som ein flytande opera. Ein båt med ingen lyd, ingen utslepp. Ting skjer! Bygdafolket er stolte. Eg og, sjølv om eg ikkje har bygd ein millimeter av båten. Men eg kjenner alle frå bygda som jobbar der. Fellesskapet i bygda ligg i botnen. Difor eig alle i bygda i denne suksessen.
I dag er den største folkehelseutfordringa ensomhet. Den ufrivillege ensomheten. Den er til og med dødeleg. I dag er trenden i samfunnet at vi skal tenkje mest på oss sjøl og ikkje bry oss om andre. «Det er eg og mitt som er viktigast! Kva andre driv på med bryr ikkje eg meg med». Dette bør vere frykteleg umoderne haldningar! Vi skal sjølvsagt ikkje krenke privatlivets fred eller blande oss inn i private saker. Men det er ikkje det eg skal snakke om. Det vi veit er nemleg at der fellesskapet er sterkt kjenner folk seg mindre einsame og utanfor. Eg er ein av dei som til tider kjenner på denne ensomheten, etter at mannen min døydde for fire år sidan, samtidig som eg miste helsa og ikkje lenger klarte å stå i vanleg jobb. Eg blei plutseleg til overs i samfunnet. Overlaten hundre prosent til meg sjøl. Eg veit at eg ikkje er åleine om å ha det slik i Øygardsveien Borettslag. Vi er mange som bur åleine her og mange er eldre enn meg. Å nyte å vere åleine er godt. Frivilleg åleine. Men er ein ufrivilleg åleine er vegen kort til å kjenne seg ensom. Statistikken fortel at det er svært vanleg i dag. I alle aldrar. Til og med ungdom! Vi har fått eit samfunn der det er lett å føle seg utanfor. Og kjenner ein seg utanfor over tid, utviklast det usunne tankar. Men kva har det med godt bumiljø å gjere?
I mitt yrkesaktive liv som lærar så har eg lært noko viktig om fellesskap. Skal ein unngå dårleg klassemiljø der nokon kjenner seg utanfor, der ungar er stygge med kvarandre, så må ein jobbe med å lage mange gode fellesskapsopplevingar. Men det viktigaste av alt: Gode fellesskapsopplevingar må vi bygge i «fredstid». Når dagane er gode. Når det ikkje skjer noko spesielt krevande. Det er då vi kan bygge noko som er sterkt – og som kjem til nytte når det kjem dårlegare tider. Når det røyner på.
Jubileumsgåva til oss sjøl kunne derfor ikkje ha passa betre – nemleg splitter nye kjellarstover i alle fire blokkene! Med nye toalett og nytt, godt utstyrt kjøkken. Plutseleg fekk vi denne muligheten når vi likevel må hakke opp golva i alle kjellarstovene. Vi kunne etter mitt syn ikkje gjeve oss sjøl ei viktigare jubileumsgåve! Tenk for ein arena vi no får til å skape mange, gode fellesskapsopplevingar i framtida – til å motverke ensomhet blant oss som bur her! Når folk kjenner kvarandre blir ein tryggare på kvarandre og tenkjer finare tankar om kvarandre. Om vi vil ta imot denne muligheten og oppsøke fellesskapet, kan vi kanskje på ein betre måte føle at vi høyrer til i Øygardsveien Borettslag – og naboar som kjenner kvarandre kan lettare vise omsorg og trøyst overfor kvarandre når vi måtte trenge det. Det skal ofte så lite til. Det har eg sjølv erfart.
Eg var aldri ensom då vi budde to i leiligheta i blokka i Molde, men så døydde mannen min ganske så brått. Eg kom i krise og i sorg. Då var det godt å ha gode naboar. Heldigvis så hadde vi hatt mange gode fellesskapsopplevingar i lag med ein god del av dei i gode tider. Men plutseleg vart det ekstra godt å møte desse gode fjesa i gangane og på parkeringsplassen. Dei sa gjerne ikkje stort. Kanskje berre smilte forsiktig. Nokre gav meg gode klemmar. Nokre kjende eg så godt at dei kom inn i leiligheta til meg og var hos meg. Og nokre inviterte meg faktisk også inn til seg på middag. Dette var dårlege tider i livet mitt. Men som blei så mykje lettare å komme gjennom fordi eg hadde gode naboar så tett innpå meg. Eg var ein del av fellesskapet.
Å kjenne kvarandre gjer som regel at vi blir tryggare på kvarandre. Her i Øygardsveien er det er så godt for meg når naboane over meg misser ned noko på golvet. Eg skvett like høgt kvar gong. Men for meg er dette berre godt. Eg er både ei pingle og ei pyse, eigentleg. Men desse lydane frå naboen over gjer at eg kjenner meg trygg. «Ah – dei er heime», tenkjer eg då. Det er som det skal vere. Kjende lydar. Trygt. Og er naboen over meg bortreist, så har eg andre naboar rundt meg – og over meg – som er heime. Eg berre veit det, sjøl om eg ikkje ser dei. Det å bu i blokk, sjøl om det er lydt, kjennest så veldig mykje tryggare for meg enn å bu i eit hus for meg sjøl, heilt åleine. Sjøl om eg er like åleine inni leiligheta mi.
Det skal vanlegvis så lite til å vere ein god nabo. Men vi må ville det sjøl og. Ein kjem langt med eit lite smil eller eit nikk og eit «hei». Naboskapet blir tryggare. Trakkar vi derimot over nokre grenser, eller andre trakkar over mine, kan situasjonen fort bli utrygg. Difor er det så viktig å stelle pent med dei mekanismane som gjer naboskapet trygt og godt. I desse mekanismane må det også ligge rom for at vi alle kan ha dagar og periodar som er tunge og vanskelege, der vi ikkje har lyst å møte ei einaste sjel, men berre lengtar etter å komme fortast muleg inn i kåken og låse døra og få vere i fred. Då krevst det også av meg som god nabo å ligge lavt og ikkje tolke alt i verste meining, om vi ikkje får augekontakt akkurat då. Vi må vise kvarandre både respekt og omtanke. Men i dette må det også vere rom for tilgjeving dersom vi ikkje alltid oppfattar desse signala frå kvarandre og er litt meir «på» og høglytt enn vi kanskje skulle ha vore akkurat då. Slik er det å bu tett. Vi er både litt forskjellige og ganske like. Eigentleg. Men det lønner seg alltid å vere litt rause med kvarandre. Rause og romslege.
Skulle du ønskje å bidra til fellesskapet, og å bli betre kjend med naboane, så er fyrste sjangse å bli med i interiørgruppa i blokka di no, alle som har lyst å bli med og planlegge og innreiie dei nye kjellarstovene – invitasjon kjem blokkvis snart. Og så blir det vel offisiell åpning av kjellarstovene med brask og bram til neste år ein gong etter kvart som dei blir ferdige? Og DÅ blir det spennande kva slag gode fellesskapsopplevingar som skal få spire og gro i dei nye kjellarstovene. Du kan starte å tenke alt no.
Forutsigbart – trygt – triveleg – framover
Koden FTTF – googlesøk: Faster To The Fun – kjappare til moroa! Eller til meir fellesskap. Og forhåpentlegvis til eit endå betre bumiljø. Til lukke med jubileet, nye kjellarstover og sterkare fellesskap framover, alle saman!