Øygardsveien Borettslag

ØYGARDSVEIEN
BORETTSLAG

En annerledes 50-års jubileumshistorie

Da borettslaget hadde jubileumsfest oktober 2019 ble det laget et historisk tilbakeblikk på borettslaget, formet som en adjektivhistorie der festdeltakerne satte inn adjektiv som en del av festprogrammet. Her kommer historien der du selv kan sette inn dine egne adjektiv.

Ei annleis fortelling om Øygardsveien BRL – gjennom 50 år

Det var ein gong at dei som budde på Hana hadde alt dei trong her. Dei vaksne karane jobba på Aducerverket der Hana Sanz ligg i dag. Mange av karane kjøpte seg middag hos den ______________ fru Anfinsen på kaféen i det kvite huset i svingen inn til oss. Rett over vegen i det gule huset låg kiosken. På plassen der Coop Extra ligg i dag låg matbutikken Forbruken, også kalla Fobben, og posten og banken. Den gongen var mange av damene heimeverande – og det var foreldrene til korpsungane som var innleigde som vakter på Hana skole når det var aktivitetar på kveldane der. På den tid var området vi bur på berre eit stort, åpe, myrlendt, ________________ jorde, og i skogen bakom leika Hanaungane. Der fekk dei nok også sitt fyrste _________________kyss etter kvart som dei begynte å interessere seg for kjærestar.

På denne tid var det også vanskeleg å få seg hus i Sandnes. I heile byen. Folk budde til og med i campingvogner og langt ut på landet. Då var det at Sandnes Boligbyggelag fann ut at det skulle plasserast 4 like blokker akkurat på det myrlendte jordet på Hana, nær både arbeid, butikk og skule. Den _______________tomta vår blei kjøpt for 365 000 kroner. Det var i det ________________året 1968 at dei fyrste blokkene vart ferdige. Arvid Straume var den fyrste som flytta inn. Det var i blokk 3 den 10.august 1968. Blokk 5 flytta inn 19.august 1968. Så var det innflytting i blokk 1 til jul 1968 – og i blokk 7 5.mars 1969. Så eigentleg har vi bursdag 5.mars. Men det passa betre å feire no. Kjellaug Pedersen og Henning Fredriksen har også budd her heilt frå starten. Desse tre blei gjort litt ekstra stas på i går då dei fekk overbrakt kvar si ____________ bursdagshelsing frå styret av eit blomsterbud på døra.

Dei to fyrste åra etter bygging av dei ______________blokkene var det blautt og vått over alt ute før dei fekk asfaltert. Då blei det drege inn mykje ________________ leire. På den tid var det stort sett __________________ barnefamiliar som budde her. Då var det slitsomt å halde golva inne reine før det så kom asfalt på vegane i burettslaget.

Mange av leilighetene var det Aducerverket som eigde. Men kommunen eigde også mange leiligheter då. Fleire enn no. Innskuddsprisen då det var nytt var lik og fast. Den var 17.000 for 3-roms og 20 000 for 4-roms. Pluss husleige. På 70-talet var den _________________ husleiga berre på 3-400 kr pr mnd. Bomberommet i blokk 5 var det Sivilforsvaret som brukte. Dei kom og gjekk ofte, og dei drog også inn skitt og lort. Garasjane blei bygde samtidig med blokkene. Folk som ville kunne kjøpe garasje, eller leige. Det kosta 5000 kroner i starten å kjøpe. Det var ikkje parkering ved skogen dei fyrste åra.

På åttitalet blei mange av leilighetene frigitt frå Aducerverket så folk kunne få kjøpe dei sjølve. Då blei det også slutt på fast pris. Folk fekk bestemme prisen på innskotet sjøl, slik det er i dag.

Frå starten av var det ikkje akkurat Montasjelaget som kom og ordna opp når noko skulle vaskast eller gjerast! Nei, reinhaldet gjekk faktisk på omgang mellom bebuarane! Den ____________gangvasken og den _____________ trappevasken var kvar sin gong etter liste. Og så var det ordensveke. Den _______________ ordensveka var hard! Då skulle kvar leilighet åleine ha ansvar for det ________ søppelet, vaske alle dei _____________ kjellarromma inkludert bodavdelinga, fryserrom, kjellarstove eller hobbyrom og bomberom. Det ________________ søppelet var det også

mykje arbeid med. Då var det søppelsjakter der folk kasta søppelet sitt nedi, og søppelet skulle vere pakka i plastposar. Nede i det _____________________ søppelrommet stod det tre stativ med papirsekkar oppi. Eitt stativ skulle til eikvar tid stå under sjakta. Den som hadde ordensveke måtte passe på når sekken var full, for då måtte dei sette det neste stativet bort under sjakta. Papirsekken som var full måtte dei knytte ihop og lagre i det __________ søppelrommet. Så kom kommunens søppelfolk heilt inn i søppelrommet og henta dei ________________ sekkane. I tillegg måtte dei som hadde ordensveka spyle den ____________ gårdsplassen – og om vinteren måke snø både på gårdsplassen og framfor garasjane. Dersom det blei mykje snø hjelpte gjerne fleire til. Dei hadde aldri traktor. Vegen oppover feltet var derimot brøyta og strødd omtrent frå starten. Dei ___________ søppelbilane forlanga det då dei måtte legge på kjetting for å komme seg opp den ______________ bakken. Dette med pålagt vask og ordensveke sklei etterkvart ut, så då blei det henta inn firma frå nittitalet. Skal vi heller spare mykje pengar, seie opp det __________________Montasjelaget og gå tilbake til denne __________________ordninga?

Plenane og det _____________uteområdet blei opparbeida heilt frå starten, med både leikeplass med leikehytter og ei ______________fotballbane. Det var veldig sosialt dei fyrste åra. Dei hadde til og med jonsokfeiring i lag ute på den ________________plenen. Då høyrer bålbrenning til, og bål hadde dei! Men det var visst litt av kvart som vart brend på dei _______________båla har vi forstått – og dei hadde det veldig kjekt. Men med den _____________ røyken var båla ikkje eigna til å grille pølser på, akkurat. Og eitt år tok det brått slutt. Då kom det ei ______________naboklage. Det var dette ____________ året så kraftig vind at gneistane fauk altfor nære husa. Elles så er det dei _________________ dugnadane som

har vore fellesaktiviteten i alle desse femti åra, med brus til borna og kaffi til dei vaksne under den _______________ vårdugnaden. Då har det alltid vore godt oppmøte.

I fortellinga om Øygardsveien Borettslag så høyrer det også med at bebuarane har måtta gjere alt utearbeidet sjøl i mange, mange år. Før var det eit ______________gjerde langs heile tomta, og kvar bebuar måtte halde vedlike sin bit. Innanfor gjerdet var det berberrishekk. Dei _______________ berberrishekkane var veldig populære den gongen, fordi dei hadde mange _____________ piggar som heldt uønska folk borte. Så det blei planta berberris langs heile gjerdet, langs garasjane og utanfor blokkene. Bebuarane planta og planta berberrishekk. Daua noko av den ______________ berberrisen erstatta dei den berre med ny berberris. Så kom det forbud mot berberris over heile landet. Plutseleg var den _______planten ulovleg og alt måtte fjernast. Det blei køyrt vekk med lastebil.

Plenane våre blei i mange år klipt av nokre ______________ bebuarar som la inn anbud og fekk litt betalt for dette. I starten var det motorklippar som dei gjekk og vandra bak, så kom det plentraktor. Det blei slutt på dette ______________opplegget på nittitalet då firma blei leigd inn til å gjere jobben i staden.

Alle blokkene bortsett frå blokk 5 har i alle år hatt eit ______________hobbyrom i kjellaren, det som vi no skal renovere til ___________________kjellarstover. Blokk 5 hadde bomberommet for alle blokkene og derfor ikkje plass til hobbyrom. Derfor tilhøyrde dei hobbyrommet i blokk 7. Men så kom det plutseleg krav til blokk 5 frå blokk 7 at blokk 5 også måtte vere med og vaske hobbyrommet i blokk 7. Då nekta blokk 5. Det var på det ______________åttitalet. Blokk 5

kravde då å få bygge om to __________garasjar i sin eigen kjellar til hobbyrom i byte mot to __________garasjar ute som blei brukt til syklar og sånt. Og slik blei det. Dette var lenge før dei ______folka i Bate var til noka hjelp. Bate var ikkje fødd då.

Lenge var det slik at det var ein tillitsvald i kvar blokk, og ein styremedlem frå kvar blokk. Tillitsvald arrangerte husmøter framfor kvart styremøte, og tillitsvald fungerte som vara til styret. Mange av dei som sat i styret tidlegare kom frå industrien, og der var dei van med å gjere det slik. Dei siste åra er dette endra. No er det eitt styremedlem frå kvar blokk, og gjerne også ein vara frå kvar blokk. Men vara er ikkje lenger tillagt denne _____________rolla med å arrangere husmøter. Husmøter skal likevel få ny renessanse når vi snart får nyrenoverte ______________kjellarstover i alle våre fire ______________blokker, sjøl om styret i dag jobbar på litt andre måtar i eit litt meir teknologisk samfunn enn før. Men vi blir på fleire måtar teken med tilbake til start no ei stund framover. Alle kjellarstovene blir stengt fram til den ______________våren kjem. I starten var husmøter og styremøter heime hos folk, ikkje i dei ___________ kjellarane. Slik blir det også denne vinteren. Kona til ein mangeårig styreleiar dei fyrste åra kokte veldig mykje kaffi til styremøta. Til vinteren må alle som deltek på husmøter og styremøter heime hos meg derimot hjelpe meg å koke kaffi, for det kan eg ikkje. Men eg har både ein _______kaffitraktar og _________kaffi. Slik bind vi historia til Øygardsveien burettslag saman, frå no – til då – til framtid – inntil vi kan igjen kan jubilere og feire når vi skal åpne dei splitter nye kjellarstovene til neste år – slik at vi kan halde nye husmøter – utvikle nye møteplassar, og heilt annleise aktivitetar i dei nyrenoverte kjellarstovene våre – ein ny start til glede for bebuarane dei neste femti åra.

Og skulle vi bli i det minste tvil så kan vi berre seie – takka vere dei _________________ folka frå Bate: Skit – la gå! (53 adjektiv)